Lærlingsamtalen er ein samtale mellom fagleg leiar/instruktør og lærling om arbeids- og opplæringssituasjonen. Samtalen skal rettleie og motivere lærlingen til ei så brei utvikling som mogleg i forhold til dei samla måla for opplæringa.
Samtalen skal:
-
gi lærlingen høve til å samtale med fagleg leiar/instruktør om eiga fagleg utvikling, motivasjon og innsats knytt tilarbeidet med måla i læreplanen
-
gi fagleg leiar/instruktør tilbakemelding om opplæringa og læringsmiljøet
-
gi lærling og fagleg leiar/instruktør høve til å drøfte og planleggje tiltak i det vidare arbeidet til lærlingen
-
medverke til eit godt samarbeid mellom lærling og fagleg leiar/instruktør
-
setje bedrifta betre i stand til å tilretteleggje opplæringa for kvar einskild lærling
-
skape eit trygt, ope og tillitsfullt forhold mellom lærling og fagleg leiar/ instruktør
I opplæringsbedrifta skal samtalane gjennomførast mellom fagleg leiar/ instruktør og lærling, og ev. tilsynsvald.
Desse momenta bør inngå i lærlingsamtalen:
· Fagleg utvikling i forhold til måla i læreplanen
· Frammøte og korleis lærlingen held arbeidstida
· Orden og kor ryddig lærlingen er
· Miljøet på arbeidsplassen
· Innsats og motivasjon i forhold til arbeidet med faget
· Samarbeid med:
a) fagleg leiar
b) instruktør
c) medarbeidarar
d) brukarar/kundar
· Initiativ og sjølvstende i arbeidet
· Fleksibilitet og omstillingsevne
· Helse, miljø og tryggleik
· Kommunikasjon
· Problemområde i læreforholdet
· Konfliktar og konflikthandtering
· Andre forhold
· Gjennomgang av oppsummeringa frå førre samtalen
