Meld deg på i konkurransen om læreplassane våre! Bilbransjen treng rekruttering og folk med fagbrev.
Korleis bli lærling?
Trinn 1:
- Kvalifiser deg med lite fråvær og gode karakterar på Vg1 og Vg2.
Trinn 2:
- Fyll ut og send søknad om læreplass gjennom www.vigo.no til Fylkeskommunen før 1. Mars, medan du går på VG2.
Trinn 3:
- Sjå etter ledige læreplassar på vår nettside: www.bok-sfj.no
- Send i tillegg ein søknad med CV til dei bedriftene du vel ut frå nettsida.
- Møt gjerne personleg opp med søknaden.
- Send alltid søknaden til fleire bedrifter.
